Hotell og restaurant

- midt i sentrum av Sande i Sunnfjord, med kort veg til det meste!
* Frukost ikke inkludert i overnatting.
Kontakt oss for mer informasjon om frukostpakkar.

Kort- eller langtidsopphald, restaurant og ei trivelig atmosfære!

Elvehagen Hotell ligg idyllisk til på Sande i Sunnfjord, og består av 15 (snart) koselege rom. Hotellet er kjent for sitt sterke engasjement for lokalsamfunnet og for å vere ein møteplass kor både gjestar og lokale kan finne ro, hygge og aktivitet.

* Frukost er ikkje inkludert i overnatting. Kontakt oss gjerne for mer informasjon om frukostpakkar. 

Hos oss kan du booke overnatting for kort- eller langtidsopphald. Her kan du ete godt i restauranten med varierte vekesmenyar og heimelaga mat. Ta med deg familien, delta på eit av våre mange arrangement eller stikk innom oss på pubkveldane og test quiz-kunnskapane! Sande ligg i nærleik til flyplassen og Førde, samt flotte turområder for både fiske- og friluftsantusiastar! Kontakt oss for meir informasjon.

01. Reservasjon

Kontakt oss for reservasjon av rom, selskapslokaler, bord i restauranten eller for meir informasjon.

02. Gratis parkering

Hotellet disponerar eigen parkeringsplass og tilbyr gratis parkering til alle våre gjestar.

03. Arrangement

Hos oss kan du leige lokale til eigne arrangement eller delta på nokon av våre varierte tilbod.

Tilbod og tenester

Kom innom oss til den koslege restauranten og nyt eit godt heimelaga måltid. Vi har varierte vekesmenyar (sjå våre Facebook-sider for oppdaterte menyar) med spennande rettar frå både det norske kjøkkenet, såvel som kulinariske opplevelsar frå det store utland. 

Ønsker du å reservere eit bord, eller leige restauranten til eit arrangement kan du kontakte oss direkte for avtale. 

Vi prøvar å tilby eit breitt og spennande tilbod med ulike arrangement og samankomstar for ei kvar interesse. Vi tek sikte på å kunne tilby alt i frå pubkveldar, quiz, strikkekveldar og mykje moro. Følg med på våre Facebook sider for meir informasjon og deltakelse. 

Har du eit forslag, tek vi gjerne i mot tips og forespørslar. 

Med jamne mellomrom åpnar vi puben for hyggelege samankomstar på kveldstid med servering og festleg stemning. 

Vi har flotte selskaps- og konferanselokaler til utleige for både små og store arrangement. Kontakt oss gjerne for omvisning og meir informasjon om prisar og tilbod.